Den gamle buvegen til Nesdalen
Litt rart å tenkje på då me traska langsmed Heimre Rapvatn at for ein del tiår tilbake så blei stien med gjekk på bruka av menneske og dyr på veg til eller heim att frå Nesdalen. Der hadde ein del av gardane nede i bygda støylar, og desse vart bruka gjennom sommaren som bustafd for folk medan kyrne var på beite. Ein slik sti vart gjerne kalla for buveg.

På veg mot dagens hovudmål for dei største elevane, Øktdagsvarden.

Øktdagsvarden 765 moh.

Desse, samt fotografen, nådde toppen.

Fyringsforbudet er oppheva for denne gong.

Bål er halve kosen på ein skikkeleg heitur.

Sola viste seg fram i Nesheia, og det sette desse pris på.
Tilbake til startsida
Ansvarleg: Bent Arve Bratås