Første siger i Drangedal

Etter terping og trening på vekslingar, stafettøkter, teknikktrening og strategi var me klare for avreise til Sparebanken Arena, Drangedal og 2026 utgåva av Tinestafetten. Sist eit lag frå skulen vår vann opa klasse i Tinestafetten var i 2019. Det var også siste gongen arrangementet var på Bø skule i Tørdal. Sidan 2022 er det Drangedal 10-årige skule som har vore arrangørar, og stafetten har funne stad på det flotte idrettsanlegget i Drangedal. Det var stor stas då me kunne reise heim att med siger i opa klasse.

I tet frå start til mål

I tet på første veksling i kvalifiseringsheatet, men her er det jamnt.

Full innsats

Skuleeksempel på ei veksling.

God veksling

Solid leiing i kvalifiseringsheatet. Det ser lovande ut.

Lagånd

Veksling mellom sjuande og åttande etappe, og kort tid etter er me klar for finaleløp. Imponerande 4.55 min.

Alt for laget

Den sjette etappa i finaleløpet. Taktomslag og fullt fokus.

Teamspirit

Siste etappe i finalen blei ei sjarmøretappe.

2026 - laget

Dette var ein lagseier.

Premieutdeling

Premieutdeling.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås