Teiknekonkurranse med tema skog
Elevane på mellomtrinnet fekk hausten 2025 tilbod frå Nissedal skogeigarlag om å bli med på ein teiknekonkurranse. Ein av desse teikningane skulle pryde framsida på årsmeldinga til årsmøte i laget. Nyleg fekk med besøk av leiar, Gunn-Elise Lyngtveit Ramlet og nestleiar, Inge Audun Dahle med rykande fersk årsmelding og premie til alle. Ein interessant presentasjon med innblikk i lokal skogsdrift frå gamal tid og fram til i deg fekk me òg sjå. I tillegg hadde dei med seg ei lita utstilling med både gamle og nye gjenstandar. Det heile blei avslutta med ein kviss der elevane skulle finne fram til ulike treslag.

Vinnarteikningen på framsida av årmeldinga for 2025.

Nissedal skogeigarlag, leiar til venstre og nestleiar til høgre.

Inge Audun med ein tohands tigersvans. Motorsaga bak blei først og fremst bruka til trefelling.

Lokal skoghistorie. Her representert med slepebåten Fram.

Grunn til å vere stolt av den fine teikninga.

Litt av ein premie!
Tilbake til startsida
Ansvarleg: Bent Arve Bratås