Lite snø også i høgda denne vinteren, men nok til at me fekk ein strålande dag med ski på Kyrkjebygdheia nærmare bestemt Espeliheia. I år har me ikkje fått øva skiteknikk i løypa på skulen, og for nokon var turen i dag første skituren nokon gong. Og det gjekk svært bra!

Ulike språklege vendingar skulle elevane i grupper memorere utanatt første del av turen.

God stemning og innsats i Espeliheia.

Skareføre heile dagen siste dagen i mars.

Elevane hugsa ordspråka godt. Mange klisterhjernar her.

"Og reven lå under birkerot."

Pølser er aldri feil på dagar som dette.
Ansvarleg: Bent Arve Bratås