I mange år har Kyrkjebygda oppvekstsenter stelt i stand kafe med hjelp frå bygdekvinnelaget og helselaget for å samle inn pengar til TV - aksjonen. Grunna covid - 19 måtte me gjere endringar i år, og fridde til lokalt næringsliv og bygdefolk om å gje eit bidrag. Elevane veksla dette inn i ein aktivitetsdag som resulterte i eit flott bidrag til WWF. Opplegget i år er aldri prøva ut tidlegare, og då er me svært godt nøgde med å ha samla inn 11.230 kr.

Dressa opp i nye t - skjorter samla me oss på skuleplassen klar for ti ulike aktivitetar.

Pilkast gav mange poeng og kroner til aksjonen.

Aktivitetane som elevane skulle gjennomføre.

Den nye hinderparken var flittig i bruk.

Til topps for WWF.

Kastutfordring gav god utteljing. .

Siste post på aktivitetsdagen var fellesleik.

Alle var med på slåball, elevar og lærarar.

Nøgde elevar etter ein dag med stor aktivitet.
Ansvarleg: Bent Arve Bratås