Om tidene med coronavirus endrar på mangt i samfunnet vårt er aktiviteten stor på oppvekstsenteret likevel. Ein del faste programpostar i dember får me ikkje gjennomført som vanleg, men med ein litt annan vri har me tent jolegrana, og adventsgudstenesten blei bytta ut med jolevandring i kyrkja.

Den kulturelle skolesekken var på skulen med framsyninga "Måne av sølv."

1.desember tente me jolegrana på morgonen.

Nedteljing før elevrådsleiar får lys i grana.

På kvelden ser ho slik ut. Nye ledlys på plass.

Heimatt frå jolegrantenning gjekk turen nedom Framnesstranda.

7. klasse pyntar som vanleg joletreet i Valhall.

Jolenissen på veg til barnehagen.

Jolebord og pakker i barnehagen.

1. og 2. klasse i bassenget. Full gass i den gjengen.

Frå jolevandringa i Nissedal kyrkje.

Elevane deltok aktivt i joleevangeliet, Lukas kapittel2, vers 1-20.

Her er dei minste elevane på jolevandring.

To flotte sjarmørar i Luciatoget.

Luciatoget tek eit par rundar rundt jolegrana i Valhall.

Joleverkstad er ein klassikar. På klypperiet blei det laga dei vakraste englar.

På museriet blei det produsert mange mus innan dagan var omme.

Familieidyll

Kakemenn stod på menyen på bakeriet i år.
Ansvarleg: Bent Arve Bratås