Pilking, helsebot for kropp og sjel. I strålande vårver fann me fram pilkestikkene, og tenkte at tryta hadde like lyst til å bite på agnet som me hadde lyst til å pilke. Slik vart det ikkje, men me storkosa oss på isen etter ein matbit ved bålet.

Standardytstyr for ein seriøs isfiskar.

Viktig å vere mett før tolmodet skal prøvast.

Ein kan ikkje gjere ting på slump når det er snakk om å få tryta opp av holet.

Mange metodar vart prøva...

...utan hell denne gongen.

Indre Drang med Tarjeisberg i bakgrunnen.
Ansvarleg: Bent Arve Bratås