Aktivitet med tanke på trivsel og venskap

Trivselsveke er noko mange skular har gjennomført opp gjennom åra. For vår del har me hatt sterkt fokus på dette i haust, og sjølv om veke 42 var utpeika som ei slik veke så syner bileta aktivitetar frå eit større tidsspenn, men med stort fokus på trivsel. Årests BLIME dans har vore sentral i heile haust.

BLIME dansen 2020.

Hildabu

Hildabu ligg berrre eit steinkast frå skulen, men ein føler at ein er på skogstur. Matpausa kan lett nytast her.

Bålkos

God lunk i stua.

Flugesopp

Sopp var tema for dei eldste elevane, og ved Hildabu måtte me sjå nærmare på fangsten.

Delikatesse

Ved hjelp frå ein soppekspert fekk elevane smake på nydeleg heimbaka brød med kantarellstuing.

TV-aksjon

TV aksjonen sin tradisjonelle aksjonskafe gjekk ut, men ein sponsa aktivitetsdag gav eit flott resultat og mykje fysisk aktivitet.

Laginndeling

Innelag og utelag blir delt før slåballkampen.

Fulltreffar

Felles leik på slutten av TV- aksjonsdagen.

Pølse og brød til heile skulen

Storskulen lagar lunsj til heile skulen.

Pølse og brød til heile skulen

Kun få steg frå skuledøra kan me kjenne ordenteleg på naturelementa. Her er det god stemning ved Nisser sine breidder.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås