Nissedal, Vrådal, Fjågesund, Bergstod tur - retur på sykkel

Med følgjebil og godt mot sette med oss på sykkelsetene med kurs for Bergstod i Fjågesund. Barnehagebarn og elevar i småskulen vinka oss avstad nesten som ein velkomstkomitè. 43 km på sykkelsetet var ikkje nok fysisk aktivitet, for då målet var nådd var elevane fort nede på brygga for å bade, hoppe og stupe. Etter nydeleg grillmat var det full fart igjen med ball over tak, volleyball og til slutt slå ball. Då var klokka 22.45, og etter eit raskt kveldsmåltid(baguett) var det ikkje så vanskeleg å sove verken for dei som låg i hengekøye eller dei som låg i telt.

Avreise

Klar til avgang.

Kviteseid bygdetun

Framfor Tveitloftet. Her kan ein sjå nykelholbeslaget som ein finn i Kviteseid kommune sitt kommunevåpen.

Mibben

Verandakos.

Mibbestranda

Teltleiren er klar etter litt utfordringar med å få telta opp.

Fuglekjensle

Her blir det bokstaveleg talt trødd i lufta.

14℃

2.pinsedag (dagen før) var 20 grader i vatnet, men vind siste døgnet førte til 14 få grader denne ettermiddagen utan at det la nokon dempar på humøret.

Luftakrobatar

Kanskje dei blir å sjå i ulike stupeshow om få år?

Samsoving

Dette må vere coronatiltak av beste slaget.

12 år

På heimturen onsdag hadde me med eit bursdagsbarn. Ingen skjøna kvifor det hang ballongar i skiltstolpane i sentrum i Vrådal, men kreativ person frå Nissedal hadde vore på ferde...

Heime igjen

Heime i Nissedal sykla elevane rett heim. Her er dei tre som sykla heilt attende til skulen.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås