Strålande hausttur til Nutstøylnuten

Nutstøylnuten var eit ukjent mål for dei fleste fram til haustturen i år. Nissedal IL har hatt registreringskasse her i sesongen 2018. Idrettslaget har sidan 1994 hatt 8 slike punkt rundt om i bygda, og mange av elevane har også i år klart 100 poeng som er kravet for å få seg eit krus, eller kanskje vere blant dei heldige som får ein gåvepremie i årets trekning. Frå morgonen var det kaldt med is på vasspyttane, og vinden gjorde at bålplassen ikkje blei på toppen , men i le nedi hellet.

Utsyn til havet

Målet for turen. Nutstøylnuten 817 moh.

Lønn og bjørk

På veg opp hang det ti postar som gjorde oppturen litt lettare for store og små.

Sola dansar på havet

Fantastisk utsikt mot Tørdal og havet mot Kragerø.

Turglede

Glad gjeng med Saltjønn i bakgrunnen.

Gutar og jenter i røyken

Det ryk frå alle kantar.

Smil du har gjort ein god deal

Ingen tvil, her er det kos.

Pylsur æ gødt

Kleda står i stil til himmelen.

Naturfag best ute

Vassprøvetaking for fiskelaget i Nissedal . Saltjønn er ei av mange kultiverte tjønnar på heia. Innhaldsrik økt for ungane ved rektor.

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås