Isgolf på Vikodden

Rett før vinterferien nytta med høvet då isen inne i Vikoddenbukta var tett på 30 cm tjukk. Ein kort og stort sett mild vinter gjorde det vanskeleg å leggje is i ballbingen. Kun nokre få dagar var det gode tilhøve i bingen utanfor skulen, men inne i bukter og viker på Nisser var det trygg is sjølv om heile innsjøen ikkje fraus til denne vinteren. Me tok med oss isbor, køller og puck, og spela isgolf på ei fin isflate i Nordygda.

Stålis

Ei slik isflate kan ikkje liggje ubruka.

Fleirbruksbryggje

Bryggja kan brukast til meir enn å leggje til med båt.

Tiger Woods

Med kølle skal pucken ned i grunne hol i isen på færrast mogleg slag.

Taktikkmøte

Isgolf er presisjon og konsentrasjon.

Gof stemning

Isgolf kan spelast med og utan skeiser frå 0 - 100 år.

Fisk i knipe

Noko tok likevel bort konsentrasjonen om å få pucken i holet. Denne fisken har hatt ein dårleg dag!

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås