Veke 36

Tysdag i veke 36 kom kulturskatten på vitjing med eit spennande opplegg. Å lage eigen drage var det ikkje mange som hadde gjort før, og med stor kreativitet konstruerte elevane flotte dragar med personleg preg. Dagen før var alle elevane i kommunen med på felles rusletur i Treungen der me mellom anna testa ut ein heilt ny stig langs Nisser.

Drakedama Solvei

Solvei Hanmei Losnegård frå Beijing var proff på drakar. Etter kort tid var det full aktivitet i klasserommet. Solvei skriv namnet sitt utan g, og i følgje ho sjølv tyder det "sol på min vei."

Cellofandrakar

Her er dei minste elevane oppslukt i drakar.

Drakeglede

Elevane skjøna raskt viktige prinsipp for drakeflyging.

Sol på min vei i aksjon

Konsentrasjon og merksemd på topp.

Dette var gøy

Litt bambus, cellofan og teip var det som skulle til. .

Synkronflyging

Full kontroll på drakane.

Det må vere høgt under taket

"Drakar stig høgast mot vinden" (kinesisk ordtak)

Venskapsband

Før skogsturen i Treungen laga med ein kjempestor venskapsring.

 

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås