Vann forandrer alt eller Vatn forandrar alt

På ny stelte oppvekstsenteret i stand innsamling til TV-aksjonen, og ikkje minst stilte Nissedal helslag og Nissedal bygdekvinnelag opp med mannskap, røre og suppe. Kafe med sal av nydeleg suppe, lappar og tombola gav eit fantastisk resultat: 24.375 kr. Det må og nemnast at pensjonistlaget hadde møte i kjellaren denne ettermiddagen, og møtedeltakarane svinga innom oss og kjøpte seg seg kaffe og svele før dei gjekk på møte. Suveren planlegging!!!

Ambassadørar

Med ein slik velkomst tok det ikkje lang tid før kundene hadde blakka seg innanfor dørene våre.

Frå kongleriet

Det har vore stor aktivitet på kunst og handverkrommet i lang tid.Her har det vore stor produksjon fram mot aksjonsdagen vår den 16.oktober.

Samleband

Definisjon på god trivsel.

Smilys

Ekte smil er eit effektivt salstriks.

Klappet og klart

Medan det ennå var elevarbeid att. Dette forsvann fort!

Innovasjon Kyrkjebygda

Stearindyppa furukonglar med veike. Eit nytt produkt har sett dagens ljos, og dette er altså utvikla på Kyrkjebygda oppvekstsenter.Me snakkar om tennbrikketter.

Entreprenørar

Entreprenørskap i praksis. Bygdekvinne og elevar i full sving med svelesal.

Freistande gevinstar

Eit glimt frå tombolaen som Nissedal helselag administrerte saman med elevane.

Her er de like tøysete og rare alle mann

Ein herleg gjeng framfører Prøysensong med stil og innleving. Her er dei Bakvendtland.

 

Tilbake til startsida

Ansvarleg: Bent Arve Bratås