Bygdekvinnelaget 60 år

I vår fekk me høyre at bygdekvinnelaget i Nissedal hadde 60 - års jubileum. Me fann ut at me ville gje dei ei gåve med litt personleg preg. Eit bilete med eit trehjarte frå kvar elev der rammeverket ikkje heilt tilfeldig var i grendegult. Dessutan fekk me hjelp av rosemålaren i bygda, Ruth Nordbø, med helsinga på ramma.

 

Siste skuledagen før påskeferien fekk me igjen besøk av Helselaget som varta opp med påskelunsj. Tusen takk for tiltaket som de nok ein gong stelte til for oss. Her kom også leiaren i Bygdekvinnelaget for å takke for gåva.

 

Ferdig produkt

Slik vart gåva frå skuleelevane.

Hjarteknusarar

Nokre av elevane i Valhall med "hjartebiletet:"

Bygdekvinnelaget 60 år

Leiaren i Bygdekvinnelaget, Hilda Nes, til venstre.

Påskelunsj og takketalar

Gåva blei først overrekt på Bygdekvinnelaget sin fest på Gautefall , men den skal henge på veggen i "bygderommet" på skulen.

Tilbake til startsida

Ansvarleg:Bent Arve Bratås