Storstilt opning av hytta vi skogen

I vår tok leiar i bygdekvinnelaget kontakt med oppvekstsenteret for å høyre om me kunne tenkje oss ei hytte der me tidlegare hadde ein lavo. Når slike gåvepakker kjem dinglande i hovudet på oss seier me jo ikkje nei.Fantastisk flott tiltak av Nissedal bygdekvinnelag!! Me takkar endå ein gong.





Etter mykje dugnad og innsats for å skaffe pengar til hytta måtte me markere dette med ein skikkeleg fest. Ordføraren kom også på besøk for å stå for den offisielle opninga.


Storfint besøk

Me starta frå skulen me naturstig opp til hytta laga av barnehagen.


Stort frammøte

Klar til avgang. På ein av postane kunne ein kome med framlegg til namn på hytta. Dette er ikkje gjort kjent ennå.


Forsegla i norske fargar

Hytta er heilt ferdig og klar til opninga.


Litt regn la ingen dempar på feiringa

Her var bål både ute og inne, og skuleungane hadde baka, steikt og koka før tilstelninga.


Godt ved bålet når det regnar og blæs

Gamle og nye elevar møtte opp.


Trivselsskaparar

Taler og gåvedryss. Her er det bygdekvinner frå fylket som overrekkjer kjempepanne til bruk her oppe.


Stemningsfullt i haustmørkre

God stemning og mykje folk.


Dei første brukarane

Så kunne me endeleg fyre opp å kose oss inne i sekskanthytta.


Hyttebok med stil

Det følgjer mykje utstyr med til slike hytter, og når den lokale rosemålaren dekorerer gjesteboka slik er prikken over i`n på plass.


Roser til alle dei som har fått dette til

Framsida av hytteboka.


Tilbake til startsida


Ansvarleg:Bent Arve Bratås