Heitur til den "Den grøne tjønna"

Fredag 5.september reiste skulen på Nordbygdheia i Nissedal for å sjå og oppleve "Den grøne tjønna". Nissedal IL har også hatt registreringsbok her denne sesongen i sitt tur og trimoplegg TUR 08.





Som så ofte før hadde me turfølgje av spreke bygdepensjonistar der den eine av desse er over 80 år. Imponerande!!


Litt orientering om ruta

Turen starta ved Støylstjønn i eit nydeleg haustver.


Støylen Bjønndalen er godt ivareteken

Første stopp ved den gamle støylen Bjønndalen. Årets sjuande klassingar var her som førsteklassingar, også den gongen på hausttur.


Trygg, raus, NYSGJERRIG

Nyfikne sjeler står ute og ser inn


Utsyn mot Tørdal

"Den grøne tjønna" ligg på Hagliheia. Ei lita hei med utruleg mange fine utsyn.


Feitvedbål

Bålfyring, namntrekket skal festast i idrettslagets registreiringdbok og klargjering til dagens måltid.


Miljødetektivar

Dagens aktivitet: Naturstig rundt "Den grøne tjønna", finn ting som ikkje høyrer heime i naturen.


Miljøpatruljer i heia

Blekkulfane i sving rundt tjønna.


Grønt vatn i dag også

"Den grøne tjønna" er spesiell med sin farge, og der ho ligg på ein topp omtrent som eit krater på ein utdøydd vulkan.


Snodig gran

På heimturen var det nokon som fann eit av naturens mange underlege verk.


Tilbake til startsida


Ansvarleg:Bent Arve Bratås