God tur til Belgia!

I haust fekk me to elevar frå Belgia på skulen, og eit barn i barnehagen. Etter eit halvt år på oppvekstsenteret reiser dei tilbake til Belgia, og det måtte me sjølvsagt markere. Me ynskjer dei lykke til tilbake i heimlandet og takkar for tida me fekk samn med dei.


Her kjem ein biletserie frå avslutningsfesten for dei belgiske elveane.


Belgisk hest

Mellomtrinnet framfor den elektroniske tavla med bilete av ein av hestane til dei belgiske elevane.


Litt tankefulle elevar


Å ta farvel er litt for vemodig til at ein kan kalle det ein fest.


Litt gåvedryss

Inne var det song og ulike helsingar. Etterpå reiste med ut og ned på bålplassen.


Eksamen i bålfyring.

Etter eit hlavt år i Noreg må ein kunne få fyr på eit bål.


Fullført eksamen: Det lei fyr på bålet!

Meny: Pølse og brød + varm saft.


Pølsekø

Me måtte sitje tett for å halde varmen.


Siste pølsa i Noreg på ei stund.

Dette synet er nok ikkje så vanleg i Belgia.


Småprat

Etter eit halvt år var det fullt mogleg å kommunisere på norsk.


Tilbake til startsida


Ansvarleg:Bent Arve Bratås