Tour de Fjågesund
På haustparten 2006 sykla elevane på mellomtrinnet frå Nissedal til Bergsto i Fjågesund, ein distanse på omlag 90 km tur retur.
Vegen er ganske kupert, og særleg heimturen er tung då ein skal forsere kviteseidkleivane med sine mange hårnålsvingar.
Frå Heia ned til bygdetunet er det viktig å køyre konsentrert. Her går det fort, og bremsene må brukasr rett.

Vel framme i Bergsto serverte Inger Liv gryterett. Den fekk bein å gå på!

Appetitten var på topp etter 45 km på sykkelsetet.
Slitne bein, men hovudet er like klart. På kvelden var det spørsmålskonkurranse.
Låven, huset, leikestova og snikkarboden måtte takast i bruk for å få sengeplass til alle.
Klar til å ta fatt på heimturen medan kviteseidkleivane ligg og murrar i bakhovudet.
Ein liten stopp ved skulen i Fjågesund.
Litt diskusjon om korleis me skulle sykle gjennom tunnelen. Dei som hadde lys var til stor hjelp.
Pauser og væskeinntak er viktig.
Kviteseidkleivane er lange og tunge, men med pauser i annankvar sving gjekk det greitt for alle saman.
Imponerande innsats opp bakkane, og det kan også vere overskrifta for heile turen sett under eitt. Takk for hyggeleg tur!
Tilbake til startsida
|