TUR - 05

Tur - 05 er eit tur og aktivitetstilbod som trimgruppa i Nissedal IL steller med. På 8 ulike stader i bygda er det sett ut kasser med registreringsbøker der ein kan kvittere i "gjesteboka." Me har i mange år besøkt ein del av desse stadene, men i haust har me som mål å besøkje alle saman noko som resulterer i eit flott krus som prov på fullført opplegg. Me synest også det er flott at elevane blir kjent og glad i bygda dei bur i. (NB!Les entreprenørskap) Her kjem bilete frå dei ulike turane inn i rekkjefølgje, etter kvart som dei er unnagjorde.


Først ut var Torgrimsfjell. Alle stadene gir tilsaman 100 poeng. Dette var ein 10 poenger

Torgrimsfjell


Tur - 05



Vikodden

Tur nummer 2 gjekk til Vikodden (5 poeng). Nokon prøva off road sykling med vekslande hell.


Rindefjell


Rindefjell er ein flott topp med panoramautsikt som belønning når ein kjem opp.(10 poeng)



Svartufs


Opp liane til Svartufs er det bratt, men utruleg fint på toppen. På denne turen fekk me føgje av ein svært sprek pensjonist på 77 år! (5 poeng)



Skornetten


Skornetten er høgste fjellet på denne sida av Nisser med sine 883 moh



Raundalsfenta


På Raundalsfenta møtte me restane av orkanen Katrina.



Øyfjellvarden


Årets utfordring i Tur - 05, Øyfjellvarden (30p)



Bjønntjønn


Finaleturen er eit faktum! Me feirar me eit skikkeleg bål ved Bjønntjønn.


Heile serien  med krus


Gustav, som var med oss på Svartufs og Øyfjellvarden, har alle krusa frå starten i 1994 og fram til i dag.


Krusa med påskrivne årstal


Komplett krussamling



Tilbake til startsida


Ansvarleg:Bent Arve Bratås