På besøk i Søftestad gruver


Noreg i dansketida har vore tema i storskulen nå i mai, og som ein del av dette har storskulen mellom anna lært ein del om gruvedrift. Jernmalmgruva på Søftestad hører ikkje heime i denne tida, men det var naturleg å avleggje gruva på vår eigen heimstad eit besøk. Me kom i kontakt med barnebarnet til tidlegare driftsbestyrar for Søftestad gruber, Jon Aamo, noko som for vår del vart svært lærerikt. Men først møtte med ein spennande kar som nyleg har flytt til gruva, og av alle ting så lagar han rustningar. Denne sida må du sjå nærmare på:

Russ Thomas




Miniatyrhjelmar

I gruveområdet har Russ Thomas slått seg ned og driv einmannsbedrifta si "The Armourers Workshop"


Mykje spennande å sjå på


Inne i verkstaden til Russ


Historieformidling

Jon Aamo hadde laga informasjonstavler som var plasserte på dei rette stadene i gruveområdet.


Her var garderobebygget

Plansje med byggjteikniningar av garderobebygget. Bygget er borte, men me fekk ei detaljert skildring av korleis det var.


Karbidlykt

Her ser de ei flott oppussa karbidlykt. Elevane fekk og lukte på karbid (ein del rynking på nasen)


Gruveinngangen

Dagens høgdepunkt nærmar seg. Gustav, som arbeidde mange år i gruva, var me oss inn.


Langt inne i gruva

Me var inn til "skiva"på såle 1. Med hovudlykter og ein omvisar som visste kva han prata om blei dette ei svært spennande oppleving.


Benk

Inne i gruvegangen(stollen) var det mange slike benkar. Til lenger inn med kom til betre bevarte var dei. Malmen og steinen vart skrapa ned frå strossa med skrapspel på desse benkane.

Sjå på sida til Jon Aamo


Tilbake til startsida


Ansvarleg:Bent Arve Bratås