GRUNNSKULEVEKA 2001
"HEI VERDEN- U-landsaksjonen
Årets grunnskuleveke munna ut i ein
innsamlingsaksjon til ein internatskule i Phibun i Thailand. Elevane sette
oppatt sirkusforestillinga frå i vår for å samle pengar til aksjonen.
Etter forestillinga blei det servert thailandsk mat, laga og servert av to
damer frå Thailand som har budd i bygda i 10 år.
Søraust-Asia. Heimelaga resirkulert papir frå miljøperioden fint
kombinert med "HEI - verden"
Hei verden
I denna veka har me hatt
hei verden aksjon. Då jobba me med Thailand. Me såg video om to jenter frå
Thailand. Me jobba med ark og laga bilete. Bileta skal me selja, og
pengane går til internat i Phibun. Tysdag den 23. oktober hadde me sirkus,
der selde me mat fra Thailand.
Stor konsentrasjon på lina. Fallhøgda er stor blant eit
kravstort publikum, men det gjekk bra.
Brødrene Kahn frå Shanghai målbatt publikum med
dristigheit verda aldri før har sett.
Dei
frammøtte fekk smake diverse eksotiske delikatesser servert av to dyktige
thailandske damer. Stor takk til våre thailandske venner som la ned eit
stort arbeid for å få dette
til.
Ikkje mindre enn ca.
6500 kr blei overskotet av årets aksjon. Pengane kjem sikkert godt med på
internatet i Phibun.
Tilbake til startsida