Velkomen til Kyrkjebygda oppvekstsenter

Visjonen vår

 

SKULE OG BARNEHAGEÅRET 23/24

Her kan du finne nytt og gamalt

Skulebilete frċ 1983 og fram til i dag.

Skulen

Rektor med elevflokken 2023 - 24.

Barnehagen

Barnehagen 2023 - 24.

Kyrkjebygda oppvekstsenter
Vi ligg plassert i Vestfold og Telemark fylke ( Vest - Telemark ). Kommunen vår heiter Nissedal, og er ein av dei aller minste av fylket sine 17 kommunar i folketal. Det er ein grendeskule i kommunen, og ein sentralskule i kommunesenteret Treungen.

Vi er ein tredelt barneskule med barnehage. Etter at Baksås og Nordbygda skular vart sentraliserte starta Kyrkjebygda skule, etter ein liten namnestrid, opp i august 1967. Dette skuleåret er det 26 elevar ved skulen, 11 ungar på SFO og 9 barn i barnehagen. I 1.- 2. klasse er det 6 elevar, i 3.- 4. klasse er det 8 elevar, og i 5.-7.klasse er det 12 elevar. Det er 5 lærarar, 1 rektor, 2 SFO fagarbeidarar, 7 tilsette i barnehagen, og ikkje minst vaktmeisterteneste og reinhaldarar som har sitt arbeid her.

 

Skulen vår, slik den såg ut før.

skulen vår

Før var taket på skulen vår flatt.

skulen vår

 

Ansvarleg:Bent Arve Bratås